Om oss

Seneco AS vart stifta 13. april 2012 av gründerane Ronny Misini og Tarald Nordfonn. Initiativet og forretningsidéen for selskapet vart basert på ei interesse for energi- og miljøutfordringane verda står ovanfor i dag, samt eit stadig aukande behov for teknologiske framskritt og løysingar i samband med dette.

Selskapet har sidan oppstarten levert produkt og tenester med føremål å redusere energibruken og -kostnadane til kundane. Dette inkluderer blant anna energieffektive belysningsløysingar, automatiseringsanlegg og driftsoptimalisering av tekniske anlegg generelt.

Sommaren 2013 vart Seneco tildelt "Stipend til næringsutvikling" i regi av Atheno og Sparebanken Vest. Stipendet er meint til å hjelpe til i utviklinga av bedrifter med innovative og kommersialiserbare forretningsidéar.

Bedrifta er i stadig utvikling. Me er i dag to ansatte, men er heile tida på jakt etter nye kollegaer for å styrkje kompetansen vår. Har du interesse for teknologi og energi, samt kunne tenke deg å jobbe med ulike utfordringar innan dette, ta gjerne kontakt!