Energiøkonomisering

Seneco er ein totalleverandør innan energiøkonomisering for både private hushaldningar og større næringsbygg.

Kva er energiøkonomisering (ENØK)?

Energiøkonomisering betyr optimal utnyttelse av tilgjengelege energiressursar. Dette inneber effektivisering av både tekniske system og økonomi, noko som resulterer i energisparing og lågare energikostnader.

Kvifor energiøkonomisering?

Energiøkonomisering har mange positive sider. I tillegg til å redusere energiforbruk og energikostnader betrakteleg, sparar ein miljøet. For bedrifter er det ofte viktig å ha ein god miljøprofil, då dette faktisk kan auke omsetninga.

Korleis energiøkonomisere?

Det finst tilnerma uendeleg med forskjellige tiltak som kan settast i verk for å redusere energibruken. Dei spesifikke tiltaka varierer avhengig av bygg, klima, noverande energiforbruk og mange andre faktorar. For å kunne sei kva som vil vere mest lønsamt for deg, vil ein av våre konsulentar vurdere ditt bygg/anlegg basert på ei gratis synfaring.

Er du interessert? Send oss ein forespørsel!